22 Gud velsigna dei og sa: «Ver fruktbare og bli mange og fyll vatnet i havet! Og fuglane skal bli mange på jorda.»
23 Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
24 Gud sa: «Jorda skal bera fram levande skapningar av alle slag: fe, kryp og villdyr av alle slag!» Og slik vart det.
25 Gud laga alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
26 Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.»
27 Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei.
28 Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.»