5 Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
6 Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»
7 Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.
8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9 Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det.
10 Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
11 Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» Og slik vart det.