8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9 Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det.
10 Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
11 Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» Og slik vart det.
12 Jorda bar fram grøne vekstar, planter som set frø, av alle slag, og tre som ber frukt med frø i, av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
13 Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.
14 Gud sa: «Det skal bli lys på himmelkvelven til å skilja dag frå natt! Dei skal vera teikn for høgtider, dagar og år.