13 Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,
14 patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
15 Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het,
16 og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane,
17 hevittane, arkittane, sinittane,
18 arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.
19 Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.