7 Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8 Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.
9 Han vart ein veldig jeger for Herrens andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens andlet.»
10 Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear.
11 Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah
12 og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.
13 Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,