1 Heile verda hadde same språk og same ord.
2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der.
3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.
4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde.