1 Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg!
2 Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,men den som forbannar deg, skal eg forbanna.I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»
4 Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.
5 Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.Då dei kom til Kanaan,
6 drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet.
7 Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.