8 Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.
9 Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.
10 Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.
11 Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne.
12 Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.
13 Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»
14 Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker.