9 Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.
10 Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.
11 Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne.
12 Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.
13 Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»
14 Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker.
15 Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus.