2 Abram var svært rik på buskap og på sølv og gull.
3 Han drog frå stad til stad, frå Negev og heilt til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai,
4 til staden der han hadde reist eit altar første gongen. Der kalla Abram på Herrens namn.
5 Også Lot, som drog saman med Abram, hadde småfe og storfe og telt.
6 Men landet kunne ikkje fø dei når dei budde saman. For dei eigde så mykje at dei ikkje kunne bu saman.
7 Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.
8 Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.