4 til staden der han hadde reist eit altar første gongen. Der kalla Abram på Herrens namn.
5 Også Lot, som drog saman med Abram, hadde småfe og storfe og telt.
6 Men landet kunne ikkje fø dei når dei budde saman. For dei eigde så mykje at dei ikkje kunne bu saman.
7 Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.
8 Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.
9 Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre, og tek du til høgre, dreg eg til venstre.»
10 Lot lyfte auga og såg at heile Jordan-sletta var rik på vatn. Heilt til Soar var ho som Herrens hage, som landet Egypt. Dette var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.