7 Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.
8 Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.
9 Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre, og tek du til høgre, dreg eg til venstre.»
10 Lot lyfte auga og såg at heile Jordan-sletta var rik på vatn. Heilt til Soar var ho som Herrens hage, som landet Egypt. Dette var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.
11 Så valde Lot seg heile Jordan-sletta og tok ut mot aust. Slik skildest dei frå kvarandre.
12 Abram busette seg i landet Kanaan, medan Lot busette seg i byane på sletta og flytte med telta sine heilt til Sodoma.
13 Menneska i Sodoma var vonde og synda grovt mot Herren.