17 Etter at han hadde slege Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, vende Abram attende. Då drog kongen i Sodoma ut for å møta han i Slettedalen, det som no er Kongsdalen.
18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Gud, Den høgste.
19 Han velsigna han og sa:«Velsigna er Abram av Gud, Den høgste,han som bar fram himmel og jord!
20 Velsigna er Gud, Den høgste,som har gjeve motstandarane dine i di hand!»Så gav Abram han tiend av alt.
21 Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du byttet!»
22 Men Abram sa til kongen i Sodoma: «Eg lyfter handa opp mot Herren, mot Gud, Den høgste, han som bar fram himmel og jord:
23 Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim vil eg ta av alt som er ditt. Du skal ikkje kunna seia: Eg har gjort Abram rik.