6 og horittane i Se'ir-fjella heilt til El-Paran, som ligg like ved ørkenen.
7 Så snudde dei og kom til Domskjelda, det som no er Kadesj. Dei la under seg heile området til amalekittane. Dei slo òg amorittane som budde i Haseson-Tamar.
8 Kongen i Sodoma drog ut saman med kongen i Gomorra, kongen i Adma, kongen i Sebojim og kongen i Bela, det som no er Soar. Og dei stilte opp til strid mot dei i Siddim-dalen,
9 mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar – fire kongar mot fem.
10 Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver, og då kongane i Sodoma og Gomorra måtte rømma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells.
11 Dei fire kongane tok alt av eigedom og matvarer i Sodoma og Gomorra og drog bort.
12 Og dei tok Lot, brorson til Abram, og alt det han eigde, og drog bort. Han budde i Sodoma.