9 mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar – fire kongar mot fem.
10 Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver, og då kongane i Sodoma og Gomorra måtte rømma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells.
11 Dei fire kongane tok alt av eigedom og matvarer i Sodoma og Gomorra og drog bort.
12 Og dei tok Lot, brorson til Abram, og alt det han eigde, og drog bort. Han budde i Sodoma.
13 Då kom ein som hadde sloppe unna, og fortalde dette til hebrearen Abram. Han heldt til ved eikelunden til amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde ei pakt med Abram.
14 Då Abram fekk høyra at slektningen hans var teken til fange, mønstra han sine våpenføre menn, 318 menn fødde i hans hus, og sette etter heilt til Dan.
15 Om natta delte dei seg, han og mennene hans. Dei slo dei og forfølgde dei heilt til Hoba, som ligg nord for Damaskus.