1 Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!»
2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.»
3 Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.»
4 Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.»