5 Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»
6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.
7 Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»
8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»
9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»
10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.
11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.