8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»
9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»
10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.
11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
12 Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han.
13 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år.
14 Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte.