9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»
10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.
11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
12 Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han.
13 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år.
14 Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte.
15 Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd.