3 Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan.
4 Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si.
5 Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!»
6 Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.
7 Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur.
8 Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.»
9 Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!»