11 De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.
12 Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt.
13 Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar.
14 Men ein uomskoren, ein av hannkjønn som ikkje har fått forhuda omskoren, ein slik skal støytast ut frå folket sitt, for han har brote mi pakt.»
15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita.
16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»
17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?»