1 Herren synte seg for Abraham i eikelunden i Mamre ein gong han sat i teltopninga då dagen var på det varmaste.
2 Han såg opp og fekk auge på tre menn som stod framfor han. Då han såg dei, sprang han til møtes med dei frå teltopninga, bøygde seg til jorda
3 og sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din!
4 Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!