11 Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis.
12 Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.»
13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er?
14 Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.»
15 Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»
16 Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad.
17 Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera?