13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er?
14 Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.»
15 Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»
16 Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad.
17 Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera?
18 Abraham skal då bli til eit stort og mektig folk, og i han skal alle folkeslag på jorda velsignast.
19 Eg har valt han ut for at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera det som er rett og rettferdig. Då kan Herren gje Abraham det han har lova han.»