24 Kva om det finst femti rettferdige i byen? Vil du likevel riva dei bort? Vil du ikkje bera over med staden på grunn av dei femti rettferdige som bur der?
25 Det liknar ikkje deg å gjera noko slikt, å la rettferdige døy saman med urettferdige! Skal det gå den rettferdige på same måten som den urettferdige? Det liknar ikkje deg! Skulle ikkje dommaren over heile jorda gjera det som rett er?»
26 Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg bera over med heile staden for deira skuld.»
27 Til det svara Abraham: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, eg som er støv og oske.
28 Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»
29 Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.»
30 Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.»