26 Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg bera over med heile staden for deira skuld.»
27 Til det svara Abraham: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, eg som er støv og oske.
28 Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»
29 Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.»
30 Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.»
31 Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Kva om det finst tjue der?» Han svara: «For skuld dei tjue skal eg ikkje øydeleggja han.»
32 Då sa Abraham: «Herre, bli ikkje harm om eg talar ein einaste gong til! Kva om det finst ti der?» Han svara: «For skuld dei ti skal eg ikkje øydeleggja han.»