28 Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»
29 Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.»
30 Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.»
31 Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Kva om det finst tjue der?» Han svara: «For skuld dei tjue skal eg ikkje øydeleggja han.»
32 Då sa Abraham: «Herre, bli ikkje harm om eg talar ein einaste gong til! Kva om det finst ti der?» Han svara: «For skuld dei ti skal eg ikkje øydeleggja han.»
33 Då Herren var ferdig med å tala til Abraham, gjekk han. Og Abraham gjekk heim att.