3 og sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din!
4 Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!
5 Og lat meg henta litt mat, så de kan styrkja dykk før de dreg vidare, sidan de no har lagt vegen forbi tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»
6 Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Skund deg og kna tre sea fint mjøl og bak brødleivar!»
7 Sjølv sprang han bort til storfeet og henta ein fin og god kalv. Den gav han til tenesteguten, som skunda seg og laga han til.
8 Så tok han rømme og mjølk og den kalven som guten hadde gjort i stand, og sette det fram for dei. Og han vart ståande hos dei under treet medan dei åt.
9 Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.»