7 Sjølv sprang han bort til storfeet og henta ein fin og god kalv. Den gav han til tenesteguten, som skunda seg og laga han til.
8 Så tok han rømme og mjølk og den kalven som guten hadde gjort i stand, og sette det fram for dei. Og han vart ståande hos dei under treet medan dei åt.
9 Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.»
10 Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han.
11 Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis.
12 Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.»
13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er?