1 Dei to englane kom til Sodoma om kvelden medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk til møtes med dei, bøygde andletet mot jorda
2 og sa: «Høyr, mine herrar! Ta inn i huset til tenaren dykkar for natta. Der kan de vaska føtene, og i morgon kan de stå tidleg opp og dra vidare.» Dei svara: «Nei, vi overnattar ute på torget.»
3 Men han bad dei så inntrengjande at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit festmåltid for dei. Han baka usyra brød, og dei åt.
4 Men før dei hadde lagt seg, kom alle mennene i Sodoma, både unge og gamle, frå alle kantar av byen og omringa huset.
5 Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Før dei ut til oss! Vi vil ha viljen vår med dei!»
6 Då gjekk Lot ut til dei i døropninga, stengde døra etter seg
7 og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!