10 Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.
11 Med eit slag blinda dei mennene utanfor huset, både små og store. Dei streva til inga nytte med å finna døra.
12 Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, ein svigerson, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så ta dei bort herifrå.
13 For no skal vi øydeleggja denne staden. Klageropet for Herrens andlet har vorte så stort at han har sendt oss for å øydeleggja byen.»
14 Då gjekk Lot ut og tala med svigersønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Skund dykk bort frå denne staden», sa han, «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men svigersønene trudde at han heldt dei for narr.
15 Då det grydde av dag, skunda englane på Lot og sa: «Dra av stad! Ta med deg kona di og dei to døtrene dine som er her, så du ikkje blir riven bort når byen blir straffa!»
16 Men då han nølte, tok mennene han og kona hans og dei to døtrene i handa, for Herren hadde omsorg for han. Dei førte han bort og sette han trygt utanfor byen.