19 Sjå, tenaren din har funne nåde for dine auge. Du har vore svært god og berga livet mitt. Men eg kan ikkje rømma til fjells. For då kunne ulukka ramma meg så eg måtte døy.
20 Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan rømma dit, og han er så liten. Lat meg få rømma dit så eg kan berga livet! Byen er då så liten.»
21 Då sa han: «Ja, eg gjer som du vil i dette òg. Den byen du nemner, skal eg ikkje øydeleggja.
22 Skund deg, røm dit! For eg kan ikkje gjera noko før du er komen dit.» – Difor heiter byen Soar.
23 Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.
24 Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.
25 Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.