26 Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.
27 Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet.
28 Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.
29 Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.
30 Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene.
31 Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte.
32 Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!»