28 Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.
29 Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.
30 Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene.
31 Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte.
32 Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!»
33 Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.
34 Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr no, i natt låg eg med far. Lat oss skjenkja han vin i natt òg. Så går du inn og ligg med han, så vi kan halda liv i ætta etter far vår.»