35 Også den natta skjenkte dei far sin vin, og den yngste gjekk inn og låg med han. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.
36 No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin.
37 Den eldste fødde ein son og kalla han Moab. Han er stamfar til moabittane, som finst den dag i dag.
38 Også den yngste fødde ein son og gav han namnet Ben-Ammi. Han er stamfar til ammonittane, som finst den dag i dag.