4 Men før dei hadde lagt seg, kom alle mennene i Sodoma, både unge og gamle, frå alle kantar av byen og omringa huset.
5 Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Før dei ut til oss! Vi vil ha viljen vår med dei!»
6 Då gjekk Lot ut til dei i døropninga, stengde døra etter seg
7 og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!
8 Høyr no! Eg har to døtrer som ikkje har vore saman med nokon mann. Lat meg føra dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de vil. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, for dei har funne ly under mitt tak.»
9 Men dei ropa: «Flytt deg!» Og dei heldt fram: «Her kjem ein innflyttar for å bu hos oss, og så vil han gjera seg til dommar! No skal vi gjera verre ugjerningar mot deg enn mot dei.» Dei trengde seg hardt inn på mannen Lot og heldt på å slå inn døra.
10 Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.