13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj.
14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15 Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han.
16 Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen.
17 Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.»
18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.»
19 Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn.