6 Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata.
7 Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.
8 Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.
9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.
10 Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner.
11 Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull.
12 Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der.