1 Abraham drog vidare derifrå til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan budde han som innflyttar i Gerar.
2 Abraham sa om kona si, Sara: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, bod og henta Sara.
3 Men Gud kom til Abimelek i ein draum om natta og sa til han: «No skal du døy på grunn av kvinna du har teke, for ho er kona til ein annan mann.»
4 Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne, og han svara: «Herre, vil du verkeleg drepa rettferdige folk?