6 Då sa Gud til han i draumen: «Eg òg veit at du har gjort dette i god tru. Det er eg som har halde deg frå å synda mot meg. Difor lét eg deg ikkje røra henne.
7 Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Han kan be for deg, så du får leva. Men gjer du det ikkje, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
8 Tidleg neste morgon stod Abimelek opp og kalla til seg alle tenarane sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene svært redde.
9 Så kalla Abimelek Abraham til seg og sa til han: «Kva har du gjort mot oss? Og korleis har eg synda mot deg, sidan du har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt? Du har gjort slik mot meg som ingen bør gjera.»
10 Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»
11 Abraham svara: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi.
12 Dessutan er det sant at ho er syster mi. Ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi, og ho vart kona mi.