9 Så kalla Abimelek Abraham til seg og sa til han: «Kva har du gjort mot oss? Og korleis har eg synda mot deg, sidan du har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt? Du har gjort slik mot meg som ingen bør gjera.»
10 Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»
11 Abraham svara: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi.
12 Dessutan er det sant at ho er syster mi. Ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi, og ho vart kona mi.
13 Den gongen Gud lét meg dra omkring langt borte frå huset til far min, sa eg til henne: Slik skal du visa din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14 Så tok Abimelek både småfe og storfe og tenarar og tenestekvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.
15 Og Abimelek sa: «Her ligg landet mitt ope framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»