14 Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba.
15 Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane.
16 Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.
17 Gud høyrde røysta til guten. Og Guds engel ropa til Hagar frå himmelen og sa: «Kva er det med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt røysta til guten der han ligg.
18 Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.»
19 Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka.
20 Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar.