20 Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar.
21 Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.
22 På den tida sa Abimelek og Pikol, hærføraren hans, til Abraham: «Gud er med deg i alt du gjer.
23 Sver no ved Gud at du ikkje vil handla svikefullt mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Som eg har vore god mot deg, skal du vera god mot meg og det landet du har fått bu i som innflyttar.»
24 Abraham svara: «Ja, eg sver.»
25 Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke.
26 Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje fortalt meg om det, og eg har heller ikkje høyrt om det før i dag.»