25 Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke.
26 Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje fortalt meg om det, og eg har heller ikkje høyrt om det før i dag.»
27 Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med kvarandre.
28 Men Abraham sette sju holam for seg sjølve.
29 Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?»
30 Han svara: «Desse sju lamma skal du ta imot av meg som vitnemål om at eg har grave denne brønnen.»
31 Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid.