28 Men Abraham sette sju holam for seg sjølve.
29 Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?»
30 Han svara: «Desse sju lamma skal du ta imot av meg som vitnemål om at eg har grave denne brønnen.»
31 Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid.
32 Slik gjorde dei ei pakt i Beer-Sjeba. Så tok dei ut, Abimelek og Pikol, hærføraren hans, og dei drog tilbake til filistarlandet.
33 Abraham planta ein tamarisk i Beer-Sjeba, og der kalla han på namnet til Herren, Den evige Gud.
34 Og Abraham vart buande lenge som innflyttar i filistarlandet.