14 Abraham kalla den staden «Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»
15 Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong
16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son,
17 vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar.
18 Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.»
19 Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
20 Ei tid etter at dette hadde hendt, vart det meldt til Abraham: Sjå, Milka òg har fødd søner til bror din, Nahor: