6 Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to.
7 Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?»
8 Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.
9 Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden.
10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin.
11 Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!»
12 Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.»