1 Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho.
2 Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne.
3 Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane:
4 «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg få kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, så eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.»
5 Hetittane svara Abraham:
6 «Høyr på oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.»