12 Då bøygde Abraham seg for folket i landet
13 og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.»
14 Efron svara Abraham:
15 «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»
16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
17 Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk,
18 skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten.