14 Efron svara Abraham:
15 «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»
16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
17 Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk,
18 skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten.
19 Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan.
20 Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.